Iron Fist

Det er ein nydeleg dag i Sør-Noreg i 2008. Sauene går og beitar i Kvinesdal og grisene rullar seg i gjørma i Eiken. Men, ikkje alle er opptekne av nettopp dette …

Bob Kåre har spelt i Norges mest kjende partyband Luxus Leverpostei sidan 1994. Sidan starten har han solgt meir enn 200.000 plater og fått eit enormt antall BH’ar kasta opp på scenen under Luxus’ sine utallige show rundtomkring i landet. Men, Bob vil ha meir. Han vil gjere det big time rock ‘n’ roll.

Samtidig har Bender Midiman og Jonkis i rock ’n’ roll-bandet Nobodies halde det gåande sidan 2000. Etter fleire turnear i England, Danmark, Frankrike and Norge har gutta bevist at rock ‘n’ roll fremleis har sin funksjon.

Bob likar det Bender og Jonkis held på med. Han har lenge høyrt på Nobodies’ 2007 debut release “Oh Yes, There Will Be Blood…” og tenkjer at dette høyrest artig ut. Plata er eit realt ballespark og får positiv kritikk rundtomkring i Europa. Nobodies-gutane er og godt kjende med Luxus Leverpostei og blir etter kvart betre kjende med den aktive og sprelske frontmannen Bob Kåre.

Idear blir etter kvart kokte i hop i ei stor gryte og servert som…Iron Fist!

Samarbeidet startar, låtar blir skrevne og debutplata blir innspelt.

Gutane tenkjer: ”Dette kan kun gå ein veg…..We’re going to Hell!!”

www.ironfistband.com